Nasjonalt samarbeid
ELDREVEVEN
Eldreveven inneheld tekstar og anna som i hovudsak er laga av og for eldre. Rundt 400 tekstar i ulike sjangrar er representerte. Dei fleste er produserte av eldre i Hordaland, men bidrag frå andre delar av landet er aukande. Ambisjonen er at Eldreveven skal utvidast til å bli ein nasjonal kulturnettstad rik på innhald av og for eldre. I mars 2005 fekk Hordaland fylkesbibliotek stønad frå ABM-utvikling til dette formålet.
Den største delen av Eldreveven er tekstar, bilete og erfaringar frå dei kreative skrivekursa som Prosjekt Eldrepedagogikk arrangerer. Tekstar som blir produsert på kursa blir lagt ut fortløpande. I tillegg finn du tekstar og bilete som er sendt inn frå eldre i heile Hordaland. Her er artiklar frå arbeidet til Prosjekt Eldrepedagogikk, eige biletgalleri og tekstar skrivne av ungdom i prosjektet Eldre som ressurs i skulen si kunnskapsformidling (ERSK)
Bakgrunnen til Eldreveven er at Kulturnett Hordaland ønskte å markere FN sitt eldreår 1999 med ein eigen møtestad for pensjonistar på nettet. Nettstaden er utvikla av Oddgeir Synnes som også er koordinator for Prosjekt Eldrepedagogikk. Oddgeir Synnes er no tilsett som høgskolelektor ved Betanien diakonale høgskole. Om du ønskjer informasjon om skrivekurs eller Prosjekt Eldrepedagogikk, kan du ta kontakt med han på e-post: oddgeir.synnes@betanien.no eller telefon: 55 50 72 75.
Se link: http://www.eldreveven.no
